Forskar på vaksinar for barn: – Me vil unngå alvorlege biverknader

I fleire land blir det forska på korleis born reagerer på vaksinen mot korona. Sjølv om den skulle visa seg å verka på dei minste, er vaksineforskar Gunnveig Grødeland framleis klar på kva ho meiner.

Mykje har skjedd sidan sist Framtida Junior snakka med forskaren som jobbar med å undersøka virus. Mutasjonen frå Storbritannia viser seg å vera meir smittsam, også blant born og unge. Derfor er nokre av selskapa som utviklar vaksinen, i gang med testar på born.

– Born har forskjellig immunforsvar enn vaksne, og derfor er me nøydde til å sjekka om vaksinen er trygg og effektiv, seier Grødeland.

Ho fortel at dei forventar å vita meir i juni – eit halvt år etter at studiane vart sett i gang.

Årsaka for dei grundige testane, er for å finna ut korleis born reagerer på vaksinen. Nokre av dei vaksne som har fått vaksinen, har meldt om biverknader som influsensasymptom. Nokre få har døydd etter at dei fekk den.

Passar på dei gamle og utsette: Heldigvis er det sjeldan at born i svært liten grad blir sjuk eller alvorleg sjuk av korona: – Me har desse strenge restriksjonane fordi dei vil hjelpa oss å passa på helsa til dei gamle og utsette, som ikkje vil tola viruset like godt som borna, seier Gunnveig Grødeland. Foto: Yngve Vogt/Apollon

Vil unngå alvorlege biverknader

Grødeland meiner at det er usikkert om born vil få liknande biverknader, dersom dei får vaksinen. Derfor er det mykje lågare toleranse når det gjeld vaksinering av born.

– Me vil unngå alvorlege biverknader og forskarane sjekkar dette grundig.

Forskaren er likevel framleis klar på kva ho meiner – sjølv med meir smittsame mutantar.

– Me er i ferd med å vaksinera risikogruppene i Noreg. Det ser også ut til at me er i stand til å begrensa viruset frå å spreia seg, med tiltaka som er sett i stand. I umiddelbar framtid ser eg derfor ingen grunn til at me skal vaksinera born i Noreg, seier ho og legger til:

– Til fleire moglegheiter me har tilgjengeleg, til betre er det. Men det er dermed ikkje sagt at det er ein moglegheit som me treng å bruka.

Les også: Canada har godkjent Pfizer-vaksinen for 12-15-åringar