Korleis fungerer eigentleg ei vaksine?

Dei første korona-vaksinene kom til Noreg i romjula. Men korleis fungerer dei eigentleg? Og korleis blir dei utvikla?

Gunnveig Grødeland forskar på vaksiner og fortel at vaksiner er laga for å drepa virus når det kjem inn i kroppen vår.

– Korleis blir vaksiner laga?

– Når ein lagar vaksiner, tek forskarane ein bit av viruset og puttar det inn i vaksina. Dette fører til at kroppen dannar ein immunrespons mot den delen av viruset som er i vaksina.

Les også: Trur ikkje born vil bli vaksinerte mot korona

– Kan du forklara korleis korona-vaksina fungerer?

– Vaksinene som er laga for å handtera korona-viruset, har tatt utgangspunktet i dei raude piggane me har sett på bilde.

– Forskarane har teke ein bit av piggane, og putta biten inn i vaksina. Deretter er det er laga antistoff mot piggane, slik at vaksina hindrar at dei vil binde seg til cellene i kroppen vår.  Vaksina gjenkjenner piggane dersom ein person vert smitta med viruset, og tek så til å arbeide for å kvitte seg med det.

– Den fortel kroppen at dette er noko som må reagerast på. Kroppen tek så til å produsere antistoff og t-celler. Med vaksina i kroppen, kjenner cellene att viruset og drep det, seier Grødeland.

To sjukepleiarar undersøker den nye Korona-vaksina på sjukehuset i byen Lauven i Belgia. Her undersøker dei at den tinar slik den skal, før den kan brukast.
Foto: Frederic Sierakowski, Pool via AP

– Er vaksina trygg?

– Sidan den er heilt ny og aldri er blitt brukt før, er det veldig viktig at den vert godt testa i befolkninga for å sikra at den er trygg. Dette er for å sjå om enkelte reagerer på den.

Ho fortel at det er svært vanleg med ulike symptom i etterkant av at ein har fått ei vaksine.

– Det er vanleg å føla seg sjuk, få feber og vondt i musklane. Men heldigvis går det over innan kort tid, og etter om lag eit døger er ein tilbake til seg sjølv.

– Kjem det til å gjera vondt å ta korona-vaksina?

– Ja, det vil det! Hehe. Det er ikkje farleg, men det er ikkje kult likevel, seier Grødeland.

Når vaksina frå utviklar-selskapet Pfizer-BioNTech kjem til sjukehusa, er den skrivfrosen og må oppbevarast i minus 78 grader. Foto: Frederic Sierakowski, Pool via AP