Strengare reglar for bruk av elsparkesyklar

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) har bestemt seg for korleis reglar som skal gjelda for dei som brukar elektrisk sparkesykkel.

– Elsparkesyklane er blitt veldig populære. Samtidig er det ei rekkje utfordringar knytt til bruken av dei. Derfor gjer me no nokre endringar i regelverket, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Frå og med 18. mai kjem det ei rekkje endringar du må vita om, dersom du har planar om å susa av gårde på ein elektrisk sparkesykkel i sommar.

Dette er dei nye reglane

  • Du kan få parkeringsbot viss sykkelen ikkje blir parkert skikkeleg.
  • Det er berre lov å vera ein person på elsparkesykkelen om gangen. Du kan få 3000 kroner i bot dersom det er fleire personar på sykkelen, og både politiet og Statens vegvesen får moglegheit til å gi ut bøter.
  • Det skal setjast opp skilt der det ikkje er lov til å køyra eller parkera.
  • Det er ulovleg å køyra fortare enn seks km/t når ein køyrer forbi fotgjengarar på fortau, gangveg eller i gangfelt.

– Eg er glad for at me raskt får på plass desse endringane i regelverket. Kommunane får no moglegheit til å handtera feilparkeringar, dei kan laga soner med eigne fartsgrenser, parkerings- og bruksforbod, seier Hareide.