Haiane vart oppdaga hundrevis av meter under overflata i Sør-Stillehavet utanfor kysten av New Zealand, skriv KidsNews.
Området dei vart oppdaga blir kalla «skumringssona», på grunn av at det er så langt under overflata at det er heilt mørkt.
Dei tre ulike haiane har fått dei vitskaplege namna Dalatias licha, Etmopterus lucifer og Etmopterus granulosus.
Usikre på grunnen til at haiane lyser
Forskarane trur haiane brukar gløden sin til å trekkja til seg, eller gøyma seg for byttedyr.
Men det er dei ikkje sikker på. Derfor kjem forskarane til å halda fram med å studera haiane, for å finna ut grunnen til at haiane lyser i mørket.