Noreg er allereie godt i gong med vaksinering mot korona-viruset, og kvar veke framover vil landet motta nye dosar av vaksina. Men slik det ser ut no, kjem born til å sleppa å ta den.
– Vaksinene som er blitt utvikla no, er berre testa på dei som er over 18 år gamle. Så eg veit ikkje om born kjem til å bli vaksinerte mot korona, seier Gunnveig Grødeland.
Ho jobbar som forskar på vaksiner ved Universitetet i Oslo, og fortel at grunnen kan vera at born ser ut til å tola korona-viruset betre enn vaksne.
– Born og unge har vanskelegare for å bli smitta, og blir sjeldan veldig sjuk av korona.
Les også: Korleis fungerer eigentleg ei vaksine?
Har laga prioriteringsliste
I motsetnad til born kan voksne bli veldig sjuke av korona-viruset, og i starten vil det ikkje vera nok vaksiner til alle som treng det. Derfor har FHI laga ei prioriteringsliste, med kven som bør få den først.
Det viser seg at det er eldre menneske og personar med enkelte sjukdomar som har størst risiko for å bli alvorleg sjuke av korona-viruset. Spesielt er dei som bur på sjukeheimar og dei som har høg alder spesielt utsett for å bli veldig sjuk, skriv FHI.
Vil gjera det betre for helsevesenet
FHI skriv at ved å beskytte desse menneska med vaksiner, vil me redusera alvorleg sjukdom, og slik også gjere at belastninga på helsevesenet blir betre.
Med belastning på helsevesenet meiner me at det vil vera færre som kjem til å ha behov for å vera på sjukehuset, etter at dei er blitt smitta med korona-viruset.