Nokon bruker slike ord berre for å tøffe seg, og det er ikkje alltid ein tenkjer over korleis det ein seier kjennest for andre menneske.
Norske forskarar har no funne ut at ein av tre med funksjonshemmingar har fått høyre stygge kommentarar det siste året, skriv Ung.Forskning.no.
Vanskeleg å forske på
Det er ikkje lett å forske på slike ting, seier forskaren Terje Olsen til Ung.Forskning.no.
Når han og andre forskarar har spurt folk med funksjonshemningar om dei blir mobba, er det mange som ikkje orkar å snakke om det. Dei synest det er så vondt å tenkje på at dei prøver å gløyme det.