
Eit mobbeombod er ein vaksen som skal passe på at elevar har det trygt og godt på skulen. I Troms fylke i Nord-Noreg er det Jon Halvdan Lenning som er mobbeombod.
– Vi meiner at skulen må planleggje for tryggleik og fellesskap like grundig som dei planlegg timeplanar, fag og skulebøker, seier Jon Halvdan i ein e-post til Framtida Junior.
Mobbeomboda spurde nemleg 366 elevar og 76 lærarar om kva som var viktigast for dei når skulen starta. Dei fortalde at relasjonar, tryggleik og trivsel var avgjerande for læring og motivasjon.
Med bakgrunn i tidlegare kunnskap og informasjonen mobbeomboda fekk frå undersøkinga, er det no laga ei startpakke for alle vaksne som jobbar i grunn- og vidaregåande skule i Nord-Noreg.
Denne startpakka inneheld tydelege verktøy, framgangsmåtar og aktivitetar som skal gjere det lettare å skape trygge og inkluderande skulemiljø.

– Eit viktig bodskap i pakka er at mobbing ikkje berre handlar om store, synlege hendingar. Utanforskap kan også vise seg gjennom små kommentarar, manglande invitasjonar, latter og blikk, seier Jon Halvdan.
Med det oppmodar mobbeombodet vaksne til å stille seg spørsmål som: «Kven får bidra? Kven blir lytta til? Kven sit åleine?»
Eit anna viktig bodskap i startpakka er fokus på å skape grøne fellesskap i staden for raude fellesskap.

Målet med skulestartpakka er å hjelpe skulane med å byggje grøne fellesskap heilt frå første skuledag.
– Vi håpar skulestartpakka bidreg til at fleire barn går heim etter skulen og kjenner «På skulen høyrer eg til, der blir eg sett og der er det trygt å vere», avsluttar Jon Halvdan.
Om du kjenner deg utrygg eller åleine på skulen, kan du ta kontakt med mobbeombodet i ditt fylke. Kontaktinformasjon finn du på denne nettsida: elevombudene.no






















