Dette gjer du viss du bli mobba

Her får du vite korleis du kan gå fram viss du blir mobba. Hugs at di oppgåve er å gje beskjed til ein vaksen, og så er det den vaksne sitt ansvar å hjelpe deg videre. Blir du ikkje høyrt? Snakk med ein annan vaksen.

Viss du treng å snakke med nokon: 

Snakkommobbing.no – chat med vaksne fagpersonar om mobbing. Ingen kan sjå kven du er.

Ung.no – send inn spørsmål eller les andre sine spørsmål og svar. Ingen treng å få vite kven du er.

Kors på halsen – ring, send e-post eller chat med ein vaksen. Ingen kan sjå kven du er. Du kan fortelle om alt, både gode ting og det som er vondt og vanskeleg, for eksempel mobbing.

Slettmeg.no – viss du blir mobba eller plaga på internett kan det vera vanskeleg å få sletta informasjonen. Slettmeg.no gir gode tips og kan hjelpe deg.

Politiet – du kan ta kontakt med politiet om du blir mobba på nett eller andre stader. Du kan også anmelde saken.

(Kjelde: Udir.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

STEG 1: BESTEM DEG FOR Å SEIE IFRÅ

Det er viktig at du seier ifrå tidleg, slik at skulen og andre vaksne kan hjelpe deg før det blir endå verre. Dei vaksne skal ta deg på alvor og stoppe mobbinga. 

Av og til kan det hende du ikkje veit kven som mobbar deg – viss det skjer anonymt på internett. Då er det lurt å ta vare på meldingar, bilete og andre ting som blir skrive om deg på internett. Ta vare på det for å vise det til dei vaksne. 

STEG TO: SNAKK MED SKULEN

Det viktigaste er at du fortel det til nokon du kjenner deg trygg på. Det kan til dømes vera ein lærar, helsesjukepleiar eller rektor. Hugs at foreldra dine kan støtte deg og vera med deg når du skal snakka med nokon på skulen. Viss du vil at dei skal snakke for deg, slik at du ikkje treng å bli med på møtet, er det heilt greitt. Men kva om du blir mobba av læraren din? Vaksne på skulen skal ikkje mobbe deg. Viss dette skjer, kan du fortelje det til ein annan lærar du stoler på, eller til helsesjukepleiaren. Viss nokon på skulen får vite at ein lærar mobbar ein elev, skal dei seie ifrå til rektor.   

STEG TRE: KONTAKT FYLKESMANNEN

Kva viss skulen ikkje tek det du seier på alvor? Då kan foreldra dine kontakte Fylkesmannen i fylket du bur i. Fylkesmannen skal passe på at skulen hjelper deg viss du blir mobba. 

STEG FIRE: KONTAKT UTDANNINGSDIREKTORATET

Viss Fylkesmannen meiner skulen har gjort det den skal, men du framleis ikkje har det bra, kan foreldra dine sende klage til Utdanningsdirektoratet.