Kva kan du gjere viss ein ven blir mobba?

Kjenner du nokon som blir mobba? Og er usikker på kva du bør gjere? Dette er Utdanningsdirektoratet sine råd til deg.

  • Gå til ein lærar eller ein annan vaksen og fortel kva som skjer. Det er ikkje å sladre, men å bry seg.  
  • Sei ifrå til den eller dei som mobbar at du ikkje synest det er greitt.
  • Ikkje videresend, kommenter eller lik ei stygg melding eller eit bilete.
  • Sei til dei andre som står og ser på, at dei ikkje skal sjå på, for det støttar mobbinga.
  • Prøv å vera ven med den som blir mobba. For eksempel kan du spørre om ho eller han vil vera saman med deg i friminuttet.

Kva er ikkje så lurt å gjere?

  • Ikkje krangle med den som mobbar, sjølv om det er for å støtte den som blir mobba. Det kan gjere den som mobbar sint, og det kan sjå ut som om det er du som mobbar.
  • Ikkje stå og sjå på, sjølv om du ikkje er med på mobbinga. Den eller dei som mobbar, kan tru at du synest det er greitt at dei gjer det. 
  • Ikkje ver stygg med den eller dei som mobbar. Det kan faktisk hjelpe mobbaren til å slutte å mobbe viss nokon er hyggeleg med han eller henne.