Dette er superfinalistane:
Kodeord Overlord av Tor Arve Røssland
Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl
Magnus Carlsen og sjakkmorderen av Aleksander Kirkwood Brown og John S. Jamtli
Blå flaggermus av Harald Nortun
Harpa av A. Audhild Solberg
– Det er veldig gøy at me fekk vera med i juryen, seier Jakob (11) og Emma (11).
– Me hadde eit klassemøte, der me samarbeida for å laga argument for kvifor nettopp vår klasse burde bli valt. Søknaden sende me med ein gang me kunne, men me måtte venta ei stund før me fekk vita at me hadde fått plass, seier dei.
Lærar Christian var tydelig på at dei berre kunne søkja som juryklasse, om dei verkeleg ville.
– Me var einige om at klassen ikkje kunne vera med berre fordi eg ville det. Dette var noko dei sjølv måtte ønskja å vera med på sjølv, for det er eit stort ansvar, seier han.
Må ta det på alvor
No har klassen starta med å leggja til rette for at dei skal bruka meir tid til lesing på skulen. Mellom anna jobbar dei mykje med lesestrategiar, slik at dei er klar for å få dei fem bøkene som er nominert.
– Me er veldig glade for at me har fått denne oppgåva, og må ta det på alvor. Det er eit stort ansvar, då det er mange skular som har søkt om å få vera med som ikkje har fått plass, seier Christian.
No har dei fram til april på å bestemma seg for kva bok dei likar best.
Enige om favorittboka
– Favoritten min er Magnus Carlsen og sjakkmorderen. Kapittelet me har lese slutta veldig spennande, og eg ville berre lesa meir, seier Emma.
Jakob nikkar samd, og fortel at også han likte den best.
– Eg ville ikkje slutta å lesa den, for den var så spennande, seier han.
Både Emma og Jakob meiner at prosjektet med Bokslukarprisen har vore positivt for leselysta, noko lærar Christian blir glad av å høyra.
– Eg er ikkje den som er mest glad i å lesa, men dette har gjort at eg er blitt meir interessert i det, seier Emma.