Dette treng du:
- Papir
- Saks
- Sytråd
- Lim
Slik gjer du:
- Klypp eit papir som er dobbelt så langt som bredt.
- Ta tak i den eine kortsida og brett trekkspelmønster, på same vis som om du lagar ei vifte. Prøv å lage brettane cirka like breie.
- Surr ein tråd rundt midten på vifta. La det vere att litt tråd som du kan bruke til å henge opp stjerna.
- Brett ut som ei vifte og lim sidene på endane saman. Pass på å leggje tråden saman med limet på eine sida. Då blir det enklare å henge opp stjerna.
- Til slutt kan du klyppe skrå kantar på alle stjernespissene – om du vil. Eller du kan la kantane vere runde.
- Heng stjerna i vindauga eller legg ho som dekorasjon på bordet.