Juks skjer både i Noreg og elles i verda. Ifølgje NRK vart 10.000 spelarar kasta ut frå ein sjakk-nettstad på ein månad.
– Det er eit stort problem, seier ekspert Atle Grønn til NRK.
Geir Nesheim, som er generalsekretær i Noregs Sjakkforbund, fortel at cirka 400.000 nordmenn spelar sjakk på internett. Grunna koronaviruset er det ikkje blitt arrangert ordinære sjakkturneringar sidan mars.