Korona og Casper Ruud-effekt for norsk tennis

I 2020 og 2021 opplevde Norges tennisforbund ein stor medlemsvekst.

President i Noregs Tennisforbund, Lars Gjerdåker, gjev korona og Casper Ruud mykje av æra for medlemsauken. Foto: Privat

Denne saka var først publisert hjå Framtida.no. Der kan du også lesa om den nye klimarapporten: – Klimakatastrofen rykkjer nærare.


– Då Noreg stengde ned var tennis ein idrett som i mindre grad var på kontaktnivå og der ein klarte å halde avstand.

Slik forklarar president i Noregs tennisforbund, Lars Gjerdåker, den eksplosive veksten i medlemmar i koronaåra 2020 og 2021.

Casper Ruud-effekt

Noregs tennisforbund har opplevd ein jamn medlemsvekst på 4–5 prosent sidan tidleg 2000-tal. I koronaåret 2020 auka medlemstalet med 13 prosent.

Tala for 2021 er framleis ikkje heilt klare, men Gjerdåker ser den same tendensen i 2021.

– Det andre opplagde er ein Casper Ruud-effekt. Me ser det breitt i alle klubbane våre. Det har vorte meir skriving i media, folk kjenner sporten og har lyst å prøve sjølv, forklarar tennispresidenten, som òg hyllar klubbane for å vere veldrivne og klare til å ta imot nye medlemmar.

I 2020 talde forbundet nesten 34.000 medlemmar fordelt på om lag 150 klubbar med til saman rundt 700 tennisbanar.

For 2021 kjem medlemsteljinga ifølgje Gjerdåker til å landa på over 38.000, noko som er 12 prosent auke frå 2020.

Treng banar i distrikta

I april sa sportskommentator Sverre Krogh Sundbø til danske DR.dk at det er behov for fleire banar utanfor dei store norske byane, som Oslo.

Tennispresidenten er veldig einig i utsegna frå Eurosport-kommentatoren.

– Me har eit stort fokus på å få større aktivitet utanfor dei store byane. Om ein skal ta det med stor pensel er hovudaktiviteten i tennis rundt Stor-Oslo, Stavanger og Bergen, men me ynskjer auka aktivitet i Mandal, Molde, Mosjøen og alle andre plassar, seier tennispresidenten.

Gjerdåker fortel om fulle banar og tennishallar og at fleire klubbar har nådd sitt tak. Tennisforbundet ynskjer difor fleire offentleg eigde tennisanlegg.

Rikmannsstempel

Ifølgje Krogh Sundø er tennis i Noreg kjent som rikmannssport, noko tennispresidenten meiner er eit gamalt stempel.

– Sånne stempel er vanskeleg å bli kvitt. Tennis er ein idrett for alle, sjå berre på Voss, Bryne eller Furuset i Oslo, som absolutt er langt ifrå noko snobbestempel. Stavanger tennisklubb har i mange år hatt eit billeg tilbod. Tennis er ikkje ein rikmannssport, men ein sport som er open for alle som har stor glede av å spele tennis, avsluttar han.