Julius har måla eit bilete til TV-aksjonen

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå Julius lage eit måleri som skal auksjonerast vekk til inntekt for årets TV-aksjon.

I år går NRK sin store innsamlingsaksjon til WWF og kampen mot plast i havet.

Dyreparken og WWF har hatt eit samarbeid over fleire år. Dei samarbeider om korleis dei kan bevara verdas dyr.

LES MEIR: TV-aksjonen 2020 skal hjelpe til i kampen mot plast i havet

Dyreparken bidreg difor til årets TV-aksjon «Eit hav av moglegheiter» sundag 18. oktober. Då vil Julius sitt måleri bli auksjonert vekk saman med 18 andre spesielt utvalte produkt. Inntekta frå auksjonen går til innsamlinga.

Auksjonen har allereie starta, og no er det høgaste bodet 9000 kroner.

Då Julius var liten lærte han å måle. Han likar framleis å lage måleri, og kunstverket er signert med hans namn.

Video: Kristiansand Dyrepark