Sjimpansen Julius hjelper forskarane

Forskarar har observert Julius og dei åtte andre sjimpansane i Dyreparken. Apene grov i jorda med reiskaper og kasta nytt lys over historia til menneskene.

– Det er jo litt morosamt at dyrekjendisen Julius har hjulpe oss med å få ny innsikt i mennesket sin evolusjon, seier Adriana Hernandez-Aguilar, forskar ved Universitetet i Oslo til NRK.

Evolusjon tyder ei endring i genene til eit dyr over lang tid.

Såg eit hol i bakken

Adriana fekk ideen til forskningsprosjektet etter å ha vore på feltarbeid i Tanzania. Der fann ho hol i bakken, kvistar og pinnar som såg ut som dei hadde vore brukt som gravereiskap.

– Men sjimpansane var sky – så eg fekk aldri sjå dei grave, fortel ho.

Forskaren tok difor kontakt med Dyreparken i Kristiansand. Der fekk ho observere Julius og resten av gjengen. Ho såg på alle dei ni sjimpansane i Dyreparken. Alle, unntatt ein, greidde å grave etter mat i jorda med reiskaper.

Valgte lange pinnar

Forskarne gjorde to ulike forsøk på øya der  sjimpansane i dyreparken held til. Dei grov ned frukt, og sjimpansane grov frukta opp att med pinnar. Forskarane fann også ut at det ikkje var tilfeldig kva pinnar sjimpansane valte

– Dei forsto at dei måtte velge eit langt verktøy for å grave. Dette er smarte dyr, seier forskeren.

Biolog Helene Axelsen Dyreparken har aldri sett dei grave før. Ikkje dyrepassarane heller:

– Eg er glad for at dyra i dyreparken kan gje meir kunnskap om dyr ute i naturen, seier ho til NRK.