Hurra for Julius!

I dag, 26. desember, har sjimpansen Julius bursdag. Julius flytta inn i huset hos direktøren i Kristiansand dyrepark då han var baby, og tok Noreg med storm då han fekk sin eigen serie i barne-TV. 

Her kan du lese om nokre av dei viktigaste hendingane i Julius sitt liv så langt:

År 1979:

Foto: Dyreparken i Kristiansand

Julius blei født 26. desember 1979 i Kristiansand Dyrepark. Etter fødselen, 2. juledag, blei sjimpanseungen avvist av mora Sanne. For å redde livet til babyen, måtte dyrepassarane hente han ut fra sjimpanseflokken.

År 1980:

Foto: Dyreparken i Kristiansand

Etter kort tid flytta han inn hos direktøren for dyreparken, Edvard Moseid, saman med Marit Espejord og døtrene Ane og Siv. Her budde han i eitt år, og var som ein veslebror for Ane og Siv. Han feira jul og bursdagar der, og var eit fullverdig medlem av familien.

År 1981:

Foto: Arild Jakobsen / Dyreparken i Kristiansand

NRK laga ein serie på tre episodar om «Julius» som gjekk som barne-TV i 1981. Etter dette blei Julius kjent i heile Noreg. I mange år var han den største attraksjonen i Dyreparken.

År 1983:

Foto: Arild Jakobsen / Dyreparken i Kristiansand

Livet er toppen! er eit musikkalbum med Terje Formoe, som også er kjent som Kaptein Sabeltann, som kom ut i 1983. Spesielt låta «Her kommer Julius» vart ein superhit! 

År 1984:

Foto: Arild Jakobsen / Dyreparken i Kristiansand

Då Julius var 1 år gamal starta dyreparken å venne han til å vera saman med apeflokken. Han overnatta enkelte netter i dyreparken, men budde ikkje i dyreparken på fulltid før han var nærmare 5 år i 1984.

År 1996:

Foto: Dyreparken i Kristiansand

Dyreparken forsøkte å finne ein kjærast til Julius. Den første blei «Miff» i 1996. Etter kvart viste det seg at Miff allereie var gravid då ho kom saman med Julius. Han var aggressiv både mot Miff og babyen, så Julius og Miff måtte skiljast. Seinare har han hatt kortare forhold med «Dixi» og «Josefine». På biletet ser du Jane som Julius fekk babyen Yr med i 2012.

År 2003:

Foto: Dyreparken i Kristiansand

15. mai 2003 blei Julius far til ein unge saman med Bini. Ungen fekk namnet Julius Junior. 5. november 2006 fekk han ein ny son saman med Dixi. Etter ein namnekonkurranse, fekk babyen namnet Linus. Julius har også fått ei dotter ved namnet Yr (som du ser på biletet). 3. mai 2012 blei Linus funnen drukna i vassgrava ved innhegningen.

I dag:

Foto: Dyreparken i Kristiansand

Julius er i dag leiar for heile sjimpanseflokken. Han er framleis sterkt prega av oppveksten saman med menneske. Han veit til dømes godt at bursdagar blir feira med kake, brus og pakkar. Han bruker pappesker som bilar, og hugsar framleis leikane han leika saman med søstrene sine då han var liten. Julius har ein leik han kun leiker med Ane, og ein han berre leiker med Siv. Er søstrene på besøk blir Julius leiken og litt rampete, og kjem pappa Edvard eller mamma Marit på besøk blir Julius roleg.

Kjelde: Wikipedia