TV-aksjonen 2020 skal hjelpe til i kampen mot plast i havet

I år går NRK sin store innsamlingsaksjon til WWF og kampen mot plast i havet. 

Åtte millionar tonn plast havnar i havet kvart år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Pengane som kjem inn er øyremerka land der problemet med plast i havet er størst: Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand. 

Planen er at pengane mellom anna skal gå til å forbedre avfallsystema i desse landa, slik at mindre plast havnar i havet. I samarbeid med lokalbefolkninga, dei som styrer landet og næringslivet vil WWF redusere utslepp av plast til elver og hav med 7000 tonn årleg.

Pengane frå TV-aksjonen skal også gå til å gje innbyggarane kunnskap og verktøy til å ta opp kampen med eigne hender. Både skuleelever og lokale bedrifter får opplæring som gjer at dei kan hjelpe med både resirkulering og å handtere avfall på ein betre måte.