Framtida Junior arrangerer miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust.
På kursa vil barn i 5.-7. klasse få kurs i å laga skuleavis og tips til lokale klima- og miljøtiltak som dei kan undersøka og skriva om.
Målet til Framtida Junior er å bidra til å auka og visa fram miljøengasjementet til barn og unge. Me vil bidra med kunnskap om miljøutfordringar og miljøløysingar og visa korleis unge kan delta og bidra.
Kursa tar utgangspunkt i dei nye læreplanane i samfunnsfag, naturfag og norsk.
Har du lyst til å få besøk på skulen din?
Snakk med læraren din, og be han eller ho om å ta kontakt på svein(a)framtida.no eller telefon 948 75 365.
LES OGSÅ: Slik lagar du ein nyheitsartikkel
LES OGSÅ: Slik skriv du bokmeldingar