Leseglad: Tori Torbjørnsen (7) har lese såpass mykje at ho har gjort seg fortent til tre premiar på biblioteket denne sommaren. Foto: Marius Knutsen/Sunnhordland
I ei bokmelding bør du svare på desse spørsmåla:

  • Korleis opplevde du boka?
  • Kva gjer boka god eller dårleg?
  • Kvifor bør andre lese boka (eller la det vere)?

Her er ei skriveramme du kan bruke for å hugse dei viktigaste delane. Vel dei underpunkta som passar best for akkurat denne boka.

OVERSKRIFT

  • Lag ei overskrift som seier noko om boka eller leseopplevinga di. Ei overskrift skal gje andre lyst til å lese bokmeldinga.

BOKA

  • Skriv tittelen på boka, forfattar og forlag, og om boka er ein del av ein serie.

BOKA HANDLAR OM

  • Kort innhaldsreferat. Nemn det viktigaste, til dømes viktige personar eller hendingar, men hugs å ikkje røpe slutten.
  • Kort om sjanger: Er det ei fantasybok, krim, grøss, drama …?

MI EIGA OPPLEVING AV BOKA

  • Korleis startar boka? Sakte, eller rett inn i handlinga?
  • Er der eit vendepunkt, der alt snur og blir annleis enn det du trudde i starten av boka?
  • Korleis sluttar boka? Brått, uventa, slik du venta eller overraskande?
  • Var boka vanskeleg å leggje frå seg?
  • Ord som kan skildre opplevinga: morosam, ekkel, treig, truverdig, gripande. Eg synest boka var overraskande/spennande/artig/trist/skummel fordi …

OPPSUMMERING

  • Gav boka deg noko å tenkje på?
  • Kva er det beste ved boka? Og motsett, var det noko som irriterte deg?
  • Bør andre lese boka?

Last ned ein tom mal for bokmeldingar (rtf)

Her kan du lese fleire bokmeldingar!