Hakeem Iseh Skonnord (10) og Diana Semashkova (10) frå Majorstua skole fekk vere juniorjournalistar, då vi møtte statsminister Erna Solberg. Foto: Ragnhild Sofie Selstø/ Framtida junior
Denne saka her, om Sigurd som redda ein gut frå å drukne, er ei aktuell sak og ei vesentleg sak sidan det er mange som badar og fleire druknar kvart år. Det er ei ganske nær sak, sidan me fekk bilde av Sigurd som redda guten, men det hadde blitt endå nærare viss me hadde fått tak i han som blei redda. Det er kanskje også ein liten sensasjon, sidan det er sjeldan barn reddar andre barn frå å drukna. Foto: Privat

1. Kva er ein nyheit?

  • Aktuelt – noko som har skjedd nettopp
  • Vesentleg – viktig for mange
  • Nært – det som er nært er viktigare for deg enn det som ikkje er så nært
  • Bilde av ekte menneske – viss du har ein person som fortel ei historie, så er det betre enn om du fortel ei historie utan personar.
  • Sensasjon – viss det er noko veldig uvanleg som skjer så er det ein større nyheit.
  • Konflikt – er det nokon som er usamde om noko, så er det større grunn til å skriva om det.

2. Før du skriv – om kjelder

Før du startar må du tenkja gjennom kva nyheit du vil skriva om:

  • Kva vil folk vite om det vil skriva om?
  • Kven kan vera gode kjelder for denne informasjonen?
  • Har du funne ei nyheit i ei anna avis eller på tv? Eller er det noko du har sett eller høyrt om sjølv?

Viktig:

  • Skriv kor du har informasjonen frå. Då kan andre dobbelsjekka informasjonen.
  • Det er alltid lurt å ha fleire kjelder

Slik gjer du ein nyheit til din: Viss du har lese ein nyheit ein stad, så kan du gjera den til din nyheit viss du intervjuar nokon om denne nyheiten. Kva meiner dei om det som har skjedd?

Hakeem og Diana fekk intervjua Erna Solberg.

3. Intervju

Gode spørsmål startar med spørjeord som kva, kven, kvar, kva tid, korleis og kvifor.

I ein nyheitsartikkel så bør du ha gitt eit svar på alle desse spørsmåla, i alle fall dei fire første spørsmåla: kva har skjedd? med kven? kvar? og kva tid?

4. Foto

Viss du skal ta bilde sjølv, så er det viktig å prøva med fleire bilde. Gå gjerne nært dei du skal fotografera, og la det vera eit breiddebilde.

Halloweenfeiring med jenter frå Skotaberg på Stord. Frå venstre: Irmelin Pedersen (bak), Ingeborg Runnsne (bak), Marlene Pedersen og Adine Tverborgvik. Anna Sofie Hegle Stensletten, Ella Lone og Abelone Susan Haga Svendsen og Nora Elise Hauan framme. (Foto: Svein Olav B. Langåker).
Halloweenfeiring: Prøv å ta bilde så nært fjesa du kan. Det går heilt greitt at nokre bilde er på skeiva. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker

Skal du fotografera barn under 15 år, så må foreldra godkjenna det. Skulen din veit ofte om foreldra har godkjent at barna kan fotograferast.

Viss du treng illustrasjonsfoto, så er det mogleg å finna gratis bilde på Pixabay.com og det er mogleg å søkja på Google her etter gratis bilde her! Wikipedia har òg ofte bilde som det er lov å bruka. Det er uansett lurt å ta med kva nettadresse du har funne det på i bildeteksten.

1: Bildetekst
2: Overskrift
3: Ingress

5. Slik skriv du ein nyheitsartikkel

Ein artikkel har:

  • Overskrift: skal fortelja det viktigaste i saka: kva og kven handlar det om. Har gjerne verb i seg, og er fint om ho kan vera spennande og vekka merksemd.
  • Ingress: kjem rett etter overskrifta, og oppsummerer det viktigaste i saka og bør gi svar på: kva har skjedd? med kven? og kva tid?
  • Brødtekst: hovuddelen av teksten. Her kan du også ta med det direkte sitat av det nokon seier til deg eller andre aviser, eller du kan skriva kva dei sa mine dine eigne ord. Eit sitat startar med ein slik strek: –
  • Bildetekst: ein liten tekst som fortel kven som er på bilde eller kva som skjer på bilde, og namnet på fotografen (og viss de har funne bildet ein stad, kvar de er funne)

Ein nyheitsartikkel kan òg ha:

  • Mellomoverskrifter: små overskrifter inni brødteksten.
  • Faktaboks: forklarer vanskelege ord og gir dei viktigaste fakta i saka.

Start alltid med dei viktigaste først, og så kan du ta det som er mindre viktig etterpå.

Til slutt: i nyheitsartikkelen skal du ikkje skriva dine eigne meiningar. Du skal prøva å få fram nyheiter, og få andre seg til å meina noko om dei.

Lukke til!