Folk likar å hjelpe kvarandre

På fredag startar adventstida. Ei tid der vi viser at vi bryr oss litt ekstra for menneska rundt oss. Heldigvis ser det ut som dette gjeld heile året.

Over 90 prosent av alle som bur i Noreg seier dei har nokon dei kan spørre om hjelp. Det gjeld anten dei må frakte noko tungt opp ei trapp, må låne litt pengar i ein vanskeleg situasjon eller er i ein konflikt, skriv Forskning.no.

Hjelp i huset

Om nokon treng hjelp til å fikse huset, er det også nær 90 prosent som svarar at dei har nokon å spørre om hjelp. Over 85 prosent svarar at dei kan få råd og hjelp av andre om dei vert sjuke.

Fleire som hjelper

Alle disse fine tala kjem frå Levekårsundersøkinga for 2017. Der har Statistisk sentralbyrå kartlagt korleis vi har det. Tala har auka dei siste åra, noko som tyder på at mange er flinke til å hjelpe folk rundt seg.