Ein tale til deg som går ut i ferie

Inger Johanne Sæterbakk har hatt 17 første skuledagar i livet sitt. Ho har skrive nokre ord til deg som går ut i ferie.

Inger Johanne Sæterbakk er forfattar og har skrive boka 1000 dagar, som handlar om å starte på ungdomsskulen. Til vanleg jobbar ho på Det Norske Teatret. (Foto: Kjartan Helleve, Noregs Mållag.)

Teksten blei skriven i fjor, 2019 – men er like aktuell i dag.

Sommarferie!

“Tenk, det er sommarferie! Fleire veker med late, lyse dagar utan lekser, matpakkar og timeplanar. Men plutseleg bråvaknar du av vekkarklokka igjen. Lyden som fortel at ferien er over. Det er første skuledag!

Første skuledag er dagen då alt er litt forandra. Alle har blitt eit heilt år eldre i løpet av to månader! Å ta eit hopp opp er rart og fint og skummelt på ein gong. Heilt til du når toppen i 7. klasse. Eldst på skulen, best på første skuledagar, den som bestemmer mest. Og så, plutseleg, blir du eitt år eldre og yngst på skulen på same tid. Hoppet mellom barneskulen og ungdomsskulen er eit hopp som går litt opp og litt ned på ein gong. Eit hopp som kan gi ein miks av alle moglege kjensler i heile kroppen.

Det som er fint med første skuledag, er at du blir betre på det for kvart år. Eg veit det, for eg har hatt 17 første skuledagar i livet mitt. Og sjølv om eg er vaksen, kjennest framleis nokre dagar som første skuledag. Første dagen på ein ny jobb. Eller dagen med eit viktig møte.  Då kan eg kjenne forventningsfulle såpebobler i magen. Eller eit steinras av usikre kjensler som seier at eg er den dummaste og raraste på heile jobben. Og eg innbiller meg at alle i det viktige møtet er smartare, tøffare og modigare enn meg. Akkurat slik eg tenkte på mange av dei første skuledagane mine.

Men heldigvis har eg skjønt noko etter mange første skuledagar.

At alle kjenner seg litt usikre på denne spesielle dagen. Og så har eg blitt ganske flink til å late som eg er modig og tøff utanpå. Sjølv om magen og hovudet boblar over av usikre kjensler.

Eg håpar du får ein super sommarferie. Og om du er usikker på den første skuledagen, er det greitt å tenke på at første skuledag går fort over. Snart er det andre skuledag, tredje skuledag, tjuetredje skuledag. Plutseleg har det gått fleire månader. Og så kjennest det som du alltid har gått i den klassen du går i. Forhåpentlegvis er første skuledag då eit fint minne i det fjerne.

Og hugs ein ting: Sjølv om du gjer eit hopp opp, begynner på ny skule eller i ein heilt ny klasse på første skuledag, er du framleis deg sjølv. Og det er det aller beste du kan vere.”

Inger Johanne Sæterbakk tar for seg forelsking, venskap og om det å vera på veg frå barndom til å bli meir vaksen i boka 1000 dagar. Foto: Stine Friis Hals/Aschehoug