Saka er henta frå Framtida.
Det er vanleg å lage meiningsmålingar for for å sjekke korleis dei ulike partia i Noreg gjer det.
No viser ei fersk meiningsmåling at mange er svært nøgd med jobben Erna Solberg og partiet Høgre har gjort under koronakrisa.
Høgre og Erna Solberg får i gjennomsnitt 26 prosents oppslutnad denne månaden, viser oversikta på nettstaden Poll of polls.
I mars var oppslutnaden på Høgre på 20,5 prosent.
Høgre har dermed fått eit tydeleg løft sidan regjeringa 12. mars kunngjorde dei mest inngripande tiltaka i fredstid og stengde mykje av landet.
- SJÅ VIDEO: Framtida junior møtte Erna Solberg
Dersom snittmålinga var eit stortingsval, ville partiet fått 48 mandat, tre fleire enn i dag.
Høgre er dermed det største partiet i landet, ifølgje målingane.
Det største opposisjonspartiet Arbeidarpartiet, ligg i snitt på 24,9 prosent, ein ørliten framgang i april. Med eit slikt valresultat ville Jonas Gahr Støres parti fått 46 mandat, tre færre enn i dag.