Hjerneforskar Marianne Fyhn er avhengig av rotter og mus for å gjere dei eksperimenta som trengst for å bringe forskinga vidare, skriv Titan.
Sjølv er ho i karantene etter eit utenlandsopphold, men heldigvis er det andre som passar på dyra.
– Dei må jo få mat og vatn, og vi må skifte strø i bura. I teorien har dei mat og vatn for to veker, men det kan til dømes skje noko med vassflaska. Derfor treng dei tilsyn, seier Fyhn.
Kvar dag går éin person innom for å sjå at dyra har mat og vatn, men aldri meir enn éin av gongen.
– Bura må òg skiftast på, men det gjer vi sjeldnare enn vanleg. Vi sørger for at dei har det bra, men alt blir gjort på eit minimum, seier Fyhn.
Blir lange dagar
– Forsøksdyra er trena opp til åtferdsforsøk som dei synest er morosame å utføre og der dei får belønning for å klare oppgåvene sine.
– Dei er vant til at det skal skje mykje. No er det ikkje noko som skjer. Dei har ikkje vondt av det, men dagane blir veldig lange, seier Fyhn, som er professor ved Institutt for biovitenskap