TV-sjåarane fekk sjå ein tom sal når artistane stod på scenen og framførste låtane.
TV-produsentane har klart å skjule det veldig godt, men om du ser nøye etter i videoen ser du kanskje at det ikkje er publikum i salen?
Grunnen til den tomme salen var fordi regjeringa la inn tiltak mot koronaviruset.
Har fått kritikk
DR, TV-kanalen i Danmark, har fått kritikk i etterkant fordi dei la til latter og applaus, trass den tomme salen.
Programleiarane la ikkje skjul på at dei gjorde små triks under sendinga. Dei fortalte TV-sjåarane at dei kom til å legge på kunstig applaus.
- LES OGSÅ: Ulrikke vann norske Melodi Grand Prix
La aldri skjul på det
Programleiarane sa at det var ei slags “lyd-sminke” – mest for artistane som skulle stå på scenen.
Redaksjonssjefen har også uttalt seg.
– Vi har vore superklare at det var ein gimmick og det vart nemnd fleire gonger frå starten. Vi har ikkje prøvd å late som at der var publikum. Det var ein av fleire gimmicks vi brukte for å lagea ein flott TV-kveld, seier redaksjonssjef og talsperson for Melodi Grand Prix i Danmark til DR.
Vinnaren blei Ben & Tan med låten Yes.