Stina har spennande planar for framtida

Stina Talling gjekk ikkje vidare i første delfinale av Melodi Grand Prix – men det stoppar ikkje «BlimE»-songaren.

Får ein «siste sjanse»

  • Stina får ein siste sjanse til å motta sin finalebillett den 15. februar.
  • Totalt skal 12 artistar delta i MGP-finalen. Seks er forhandskvalifiserte og fem går vidare frå delfinalane.
  • Kven som får den siste plassen i finalen, vert avgjort i ein «siste sjanse»-sending der dei 15 som ikkje gjekk vidare i sin delfinale er med.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det kan vera at eg takkar ja til noko stort som kjem til å vera med på å påverka karrieren min vidare. Men meir enn det kan eg ikkje seia enno, seier Stina Talling.

Forrige laurdag var ho med på første runde av Melodi Grand Prix, med songen «Elevate». Ho kunne fortelja at ho var veldig nervøs i forkant, og at ho syntest at det var rart at ho skulle syngje for tom sal.

– At det ikkje er publikum dempar nervene på eit vis. Men samtidig er dei verkeleg til stades, seier ho.

Songen hennar, «Elevate», kom til etter at ho fekk tilsendt ei liste med uferdige melodiar.

Stina fortel at ho skulle leve i augeblikket og nyte kjensla av å stå på MGP-scena. Sjølv om det ikkje var publikum til stades.
Foto: Julia Maria Naglestad (NRK)

Håpar å skriva eigne songar

– Då eg høyrde melodien til det som skulle bli «Elevate», tenkte eg at den var noko eg kunne gjera noko kult med.

Songen vart til i samarbeid med andre, og no håpar Stina at ho ein dag kan skriva sine eigne songar. Heilt åleine.

Songen «Elevate» har eit bodskap om å koma seg styrka gjennom det som er vanskeleg. Foto: Alvin Santos

– Eg håpar at eg kan ta til meg nokre triks, slik at eg kan skriva aleina når eg blir eldre.

17-åringen fortel at ho har brennande interesser for fleire ting. Ho har ein YouTube-kanal, driv med musikk og går framleis på skule i 2. klasse på vidaregåande. Ho har merka at døgnet berre har 24 timar.

Vil underhalda

– Eg må velje kva eg vil prioritere. Det har vore mykje skule i det siste, og eg har ikkje brukt like mykje tid på YouTube som eg pleier etter at musikken vart ein av mine store lidenskapar. Enn so lenge prøver eg å kombinere alle tre, seier Stina.

Men uansett kva som skjer, er ho sikker på at ho ønskjer å jobba med noko som gjer ho glad.

– Det viktigaste for meg er at eg får driva på med noko eg elskar. Om det er å stå på ei scene, drive med musikk, å vera programleiar eller komikar – det veit eg ikkje heilt enno.

– Men eg er sikker på at eg vil jobba med noko der eg kan underhalda, seier ho.