Ulrikke vann MGP

Ulrikke Brandstorp og låta «Attention» vann årets Melodi Grand Prix. Ho blir Noregs bidrag i den internasjonale konkurransen Eurovision Song Contest i Nederland i mai.

– Tusen takk, ropte Ulrikke frå scena etter ho blei utropa til vinnar.

Finalen bar preg av tekniske problem. Då ti deltakarar skulle bli til fire måtte NRK bruke ein folkejury til å avgjere kven som skulle gå vidare. Ein folkejury er 30 personar som kjem frå ulike stader i landet. Dei har ulik alder, og ulik bakgrunn.

Etter at folkejuryen hadde bestemt seg, stemte publikum fram Kristin Husøy og Ulrikke Brandstorp til gullduellen. Til slutt var det 5678 stemmer som skilde dei to, og Ulrikke vart kåra til vinnar av Melodi Grand Prix 2020.

Såg du Melodi Grand Prix på TV?

Såg du Melodi Grand Prix på TV?

Ja81
Nei43
Svar totalt: 124