Subwoolfer er ramma av korona

Subwoolfer sit i korona-karantene og kan ikkje opptre med låta «Give That Wolf a Banana» i Melodi Grand Prix i kveld.

I delfinale to, som er i kveld (laurdag), blir duoen Subwoolfer erstatta av popbandet NorthKid. Dei skulle etter den opphavlege planen stått på scena først om éi veke i delfinale tre.

Melodi Grand Prix består av fem delfinalar og til slutt ein finale med tolv finalelåter.

Jobbar på spreng

– Me jobbar på spreng med å halda årets produksjon flytande, men publikum skal vita at ikkje noko stoppar Melodi Grand Prix, seier MGP-sjef Stig Karlsen til NRK.

Subwoofer består av brørne Keith og Jim. Identitetane deira er hemmelege, og kan minna litt om karakterane i ein annan sjåarsuksess på NRK, nemleg «Maskorama».