Berre tre gonger før har det vore fleire nominerte, opplyser Det Norske Nobelinstitutt. 210 av dei er personar, medan 107 er organisasjonar, skriv Framtida.
Greta Thunberg er nominert av to svenske politikarar.
– Thunberg har jobba hardt for å få politikarane til å opne auga for klimakrisa, heiter det i grunngivinga.
17 år gamle Thunberg har sjølv gitt uttrykk for at merksemda i staden bør rettast mot andre klimaforkjemparar.
Malala er yngste prisvinnar
Om Greta Thunberg får prisen i år, vil ho likevel ikkje vere yngre enn Malala Yousafzai som var sytten og eit halvt år då ho mottok prisen i 2014, som den yngste i verda. Tidlegare denne veka møttest dei to jentene for fyrste gong.