Greta Thunberg er dømt i retten

Klimaaktivisten Greta Thunberg er for andre gong på kort tid dømt i retten i Malmø, etter å ha delteke i ein klimaaksjon i byen.

Greta Thunberg er dømd til å betala 50 kroner i dagsbøter i 90 dagar for sivil ulydnad, skriv NRK.

Eit døme på sivil ulydnad er det å la vere å retta seg etter pålegg frå politiet i samband med mellom anna demonstrasjonar. Eit pålegg frå politiet er til dømes når politiet ber deg om å flytte deg. Når politiet seier det, har du plikt til å følgja det. Dersom du ikkje gjer som politiet seier så kan dei ta deg med inn på politistasjonen. Og ein person som er over den kriminelle lågalderen på 15 år, kan bli straffa.

– Eg nektar straffskuld. Eg meiner eg burde vera fri for ansvar på grunn av naudretten, fordi klimakrisa truar liv og helse, sa Thunberg i retten.

Sist Thunberg møtte i retten vart ho også dømt til å betala bøter.

Det var SVT som fyrst omtala saka.