Greta Thunberg skal delta i Fosen-aksjonar i Oslo på torsdag

Greta Thunberg kjem til Oslo saman med aksjonistar frå klimarørsla Fridays for Future, opplyser Natur og Ungdom til NRK.

Samiske grupper og Natur og Ungdom startar onsdag nye demonstrasjonar framfor Stortinget, skriv NRK. Då er det to år sidan Høgsterett fastslo at vindmøllene som er bygd på Fosen i Trøndelag er eit alvorleg brot på menneskerettane til samane.

Demonstrantane krev at staten fjernar vindmøllene dei sette opp for cirka tre år sidan.  Samane har reinsdyr som beitar akkurat der vindmøllene står, og forsking har vist at vindmøller skremmer reinsdyra.

Gjekk til rettssak

Samane har kjempa lenge for at det ikkje skulle bli sett opp vindmøller i område der reinsdyra har beitemarkene sine. Men, for litt meir enn tre år sidan sa staten at det var greitt å setja opp vindmøller.

Då gjekk samane til rettssak mot staten og der vann dei i 2021. Retten sa at vindmøllene var sett opp ulovleg, og at dei øydelegg for samane sin rett til å drive med rein.