Malala om Greta Thunberg: – Den einaste venen eg ville skulka skulen for

Denne veka møttest dei to aktivistane på Universitetet i Oxford, der Malala Yousafzai studerer.

– Så… i dag møtte eg mitt førebilete. Kva meir kan eg seie? skriv Greta Thunberg på Twitter tysdag denne veka.

Den svenske 17-åringen har teke eit friår frå skulen for å prioritere klimakampen etter at skulestreikane ho starta har vorte ei internasjonal rørsle.

Greta etterlyser verkelege null-utslepp

Ifølgje CNN møtte Thunberg den pakistanske aktivisten Malala Yousafzai på universitetet i Oxford, der 22-åringen studerer.

Rektor ved Lady Margaret Hall hjå Universitetet i Oxford skriv at Thunberg møtte fleire studentar for å mellom anna snakka om netto null-utslepp versus verkeleg null-utslepp.

Malala: – Den einaste eg ville skulka skulen for

Yousafzai vart på si side eit internasjonalt symbol for jenter si rett til utdanning i 2012, då ho vart skoten på ein skulebuss på bakgrunn av sitt engasjement for saka.

I 2014 vart ho tidenes yngste mottakar av Nobels ferdspris, som ho delte med indiske Kailash Satyarthi.

Yousafzai bruker også Twitter for å uttrykke si støtte til Thunberg, og skriv:

– Ho er den einaste venen eg ville skulka skulen for.