Snart kjem filmen om Greta Thunberg

I november kan du sjå dokumentarfilmen «I am Greta». Den viser nokre intense år i klimaaktivisten sitt liv. 

Den komande filmen viser klimaaktivisten Greta Thunberg sin kvardag og hennar kamp for å redde jordkloten.

Foto: AP / Fredrik Sandberg

Bak prosjektet står dokumentarfilmskaparen Nathan Grossman, som har fulgt Greta sidan august 2018. Vi blir med Greta frå hennar fyrste skulestreik til møte med ulike verdensleiarar. På kort tid har jenta frå Sverige blitt frontfigur for ei global gruppe unge menneske som ønskjer klimahandling framføre bortforklaringar. Dei ønskjer å stille politikarane til ansvar for krisa verda står i.

I filmen får vi vera med på alt frå småprat med Framkrikes president Emmanuel Macron, til konflikt med USAs president Donald Trump – til den omtala seglturen over Atlanterhavet for å delta på FN-toppmøtet i New York. Vi får også vite meir om korleis autisme har sett sitt preg på Greta sin oppvekst, og bidrege til å forme hennar verdsbilete.

Øvst i saka kan du sjå traileren.