No er det berre 11 fylke i Noreg

1. januar var ein historisk dag. I 2018 hadde vi 19 fylke i Noreg. Så blei Nord- og Sør-Trøndelag slått saman. No har talet minka endå meir. No har vi 11 fylke.

I tillegg har mange kommuner slått seg saman.

Illustrasjon: Regjeringen.no

No har vi desse fylka:

  • Troms og Finnmark (Tidlegare to fylke)
  • Nordland (Uendra)
  • Trøndelag (Tidlegare Nord- og Sør-Trøndelag)
  • Møre og Romsdal (uendra)
  • Vestland (Tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland)
  • Rogaland (Uendra)
  • Agder (Tidlegare Vest- og Aust-Agder)
  • Vestfold og Telemark (Tidlegare delt i to fylke)
  • Oslo (Uendra)
  • Innlandet (Tidlegare Hedmark og Oppland)
  • Viken (Tidlegare Buskerud, Akershus og Østfold)