Noreg opnar for dobbelt statsborgarskap frå nyttår

Frå 1. januar neste år kan nordmenn bli statsborgarar i eit anna land utan å miste det norske statsborgarskapet sitt, skriv Framtida.no.

Ein statsborgar er ein person som har fulle rettar og plikter til å bu, delta og nytta tenestene i ein stat. I Noreg gjeld nordmenn sitt statsborgarskap for heile landet.

Rettar og plikter

Å vera statsborgar i ein stat fører med seg visse rettar, som retten til å ha eit pass, røysta og stilla til val, og til å nytta utdannings-, helse- og trygdesystemet til staten.

Eit statsborgarskap fører også med seg visse plikter, til dømes å utføra verneplikt.

(Kjelde: Wikipedia)