Odin: guden for krig, trolldom, visdom og dikting. Odin var far til mange gudar, og ofra eine auget sitt for å få drikka av kunnskapens brønn.
Tor: son til Odin og guden for styrke, torden, krig, grøde og vêret. Tor hadde ei vogn som dei to bukkane Tanngnjost og Tanngrisne drog. Hammaren hans heitte Mjølne.
- LES OGSÅ: Vikingen – ein superhelt og bonde
- KVISS: Kva kan du om vikingane?
Frigg: kona til Odin og guden for ekteskap, kjærleik, skjebne, fødsel, heim og familie.
Brage: son til Odin og guden for dikting og skaldekunst.
Idun: kona til Brage og gudinne for kjærleik, og har ansvaret for epla som sikrar æsene evig ungdom. På bildet her er ho saman med luringen Loke.
Loke: er ein luringgud, og har lurt dei andre gudane fleire gonger. Men han har òg hjelpt dei nokre gonger. Han er kjent for å ha laga det første fiskegarnet.
Heimdall: er son av ni mødrer. Vaktaren av Bifrost, regnbuebrua mellom Åsgard og Midgard, som er den viktigaste vegen inn i riket til æsene. På bildet ser du han koma tilbake med eit smykke til Frøya.
Frøya: gudinne for kjærleik, fruktbarheit og magi.