Vikingen – ein superhelt og bonde

Har du vikingblod i årane? Vikingane kom frå skandinavia, og var nokre ekte eventyrarar. På godt og vondt.

Vikingtida var frå ca. 800-1050. Angrepet på klosteret i Lindisfarne i England blir sett på som starten på vikingtida.

Vikingane var dei flinkaste båtbyggarane i heile Europa. Det var derfor dei klarte å kome seg rundt omkring på tokt. Dei var gode sjøfolk, og dyktige krigarar. Dei plyndra og herja og tok med seg skattar heim til Noreg. I tillegg til dette var dei flinke handelsfolk.

I tillegg til reisene levde vikingane av jakt, fiske og jordbruk. Hesten og oksen var viktige dyr som drog plogen over marka, slik at vikingane fekk dyrke korn.

Populær smed

Alt vikingane trengte måtte dei lage sjølv, så smeden var ein populær mann med mykje makt. Naglar til båtane, og reiskap blei laga av smeden. I tillegg til våpen.

Vikingane laga klede av ull og lin, og brukte vev til å veve kleda. Dette var mykje arbeid, som kvinnene stod for.

Eld klarte dei å lage av å slå flintstein mot jarn, slik at det blei gneistar.

Korleis levde dei?

Vikingane arbeidde så lenge det var lyst ute, så sola var klokka deira. Husa var bygde av stein eller tre. Husa hadde ikkje vindauge, og var som regel eit stort rom. Langs veggane var det benkar som blei brukt til å ete ved og jobbe og sove på. I midten av rommet var ein eldstad der dei laga mat med ei luke i taket der røyken forsvann.

Jorda var flat

Vikingane trudde at verda var flat. Dei trudde at dei sjølve budde i Midgard, som var den inngjerda verda i midten. Midt i Midgard budde gudane (æsene), i det som dei kalla Åsgård. Midt i Åsgård hadde gudane planta eit tre som heitte Yggdrasil.

MEKTIG GUD: Odin var den mektigaste og klokaste av gudane. (Victor Villalobos / Wikipedia / CC BY-SA 4.0)

Norrøn mytologi

Vikingane trudde på mange gudar. Odin, Frøy, Frøya og Tor var nokre av dei mange æsene dei trudde på. Dei ofra til æsene og meinte at dersom kornet ikkje vart bra eitt år, var det fordi ofringa ikkje hadde vore bra nok. Nokre av namna i vekedagane våre har namn etter dei norrøne gudane.

Onsdag – Odin sin dag, Torsdag – Tor sin dag og Fredag – Frøy sin dag.

Eit liv etter døden i Valhall

Når ein døydde kom ein til Valhall, som ein trudde var eit nytt rike. Difor fekk rike vikingar med seg reiskapar og trælar i grava slik at dei kunne ta med seg rikdomen vidare.

Helheim var dødsriket. Ein ville ikkje kome dit etter sin død.  

Samla Noreg til eit rike

Harald Hårfagre klarte å samle Noreg til eit rike. I vikingtida var Norden delt inn i mange, små riker som hadde sine høvdingar.

Kristna Noreg

Olav den heilage prøvde å kristne landet mot slutten av vikingtida. I 1030 ville han ha tilbake makta i Noreg, som Danmark hadde tatt. Han blei drepen i slaget ved Stiklestad, og er etter soga gravlagd der Nidarosdomen står plassert i Trondheim.

Bilete: Wikipedia / Offentleg eigendom
Islendar: Snorre_Sturlason teikna ac Christian Krogh. (Wikipedia/ Offentleg eigendom)

Snorre Sturlason

Grunnen til at vi veit så mykje om vikingtida er mellom anna fordi ein mann ved namn Snorre Sturlason skreiv ned mykje av det som hende.

I tillegg har vi arkeologiske utgravingar som viser oss korleis vikingane levde. Vi har funne reiskapar, svære skip, gravhaugar og landsbyar. Alt dette gir oss eit svar på korleis det var å vere viking.