Smakte dei magiske epla til Idun: – No blir me aldri eldre

– Me har lært om Odin og dei gamle gudane. Og så fekk me smaka på Idun sine eple. Dei gjer at me aldri blir vaksne, ler Mathilda Rubach Grov (9).

Kring 500 fjerdeklassingar i Stord og Bømlo har fått vera med på spennande opplevingsdagar på Moster i Bømlo kommune. Det er akkurat her kristendommen kom til Noreg. 

Før kristendommen kom til Noreg for tusen år sidan, trudde dei fleste nordmenn på dei norrøne gudane som Tor og Odin. Æser blei desse gudane kalla. Heimen til gudane heiter Åsgard.

Kvar av æsene hadde ulike eigenskapar. Tor var tordenguden og bestemte over vêret. Odin var den mektigaste av æsene.

Elevane fekk høyra om dei gamle norrøne gudane, innføringa av kristendommen i landet vårt og dei har vitja Moster Gamle Kyrkje, ei 900 år gamal kyrkje.

– Det er veldig gøy her! Me har lært oss ein ny dans med morosame bevegelsar, fortel Oda Myklebust (8 ½).

Yggdrasil

Yggdrasil er namnet på verdenstreet som vikingane trudde var sentrum for verda deira. Midgardsormen ligg midt ute i havet og omkransar Midgard der menneska budde. Midt i Midgard ligg Åsgard der gudane budde.

Yggdrasil har tre røter. Den eine rota går til det underjordiske dødsriket Helheim og skuggeriket Nivlheim. Den andre rota går gjennom Midgard til Mime sin brunn og derifrå heilt til Jotunheim. Den tredje passerer gjennom Åsgard til Urd sin brunn. Urd er ei av dei tre nornene som vatnar treet slik at det alltid er grønt. 

Yggdrasil er namnet på verdenstreet som vikingane trudde var sentrum for verda deira.
Illustrasjon: Finnur Magnússon.