– Eg er bekymra for barna det gjeld. Altfor mange barn har ein klump i magen når dei går til skulen og opplever at dei vaksne ikkje gir dei den tryggleiken dei skal ha i skulekvardagen, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) til NPK/NTB.
- LES MEIR: Mindre mobbing med disiplin på skuleplassen
- LES MEIR: Fleire gutar opplever mobbing på nett
Skulen gjer ikkje nok
I om lag fire av fem mobbesaker som Fylkesmennene har ferdigbehandla, kjem det fram at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe mobbing, skriv Framtida.no.
– Eg forventar at skulane følgjer opp den viktige jobben som må blir gjort for å skape eit godt skulemiljø for alle elevar, seier Sanner.