Mindre mobbing med disiplin på skuleplassen

Når klokka ringer inn går ikkje elevane tilbake i klasserommet, dei stiller seg på rekke og rad ute.

Elevane på Moflata skule i Skien går ikkje inn når klokka ringjer, dei stiller seg opp på rekke og rad på skuleplassen for å gå saman inn med læraren. På denne måten blir det mindre mobbing mellom friminutt og time fordi læraren passar på og fordi elevane ikkje går åleine.

Moflata skule er ein av over hundre norske skular som har fått hjelp frå Utdanningsdirektoratet til å bekjempe mobbing i noko som heiter Læringsmiljøprosjektet.

Mange barn går på skulen med ei vond kjensle i magen fordi dei blir mobba, difor har staten laga eit prosjekt som skal forhindre mobbing. 103 skular over heile landet deltok.

I tillegg til å stille seg opp på rekke og rad har skulen også laga ein heilt spesiell benk som dei kallar for “Bli med-benken.”

Foto: Petter Melsom/NRK

Ane Lia, som er elev på skulen, fortel i eit intervju til NRK at det er for at alle skal få vere med og for at alle skal ha nokon å leike saman med i friminuttet.

– Hvis det er nokon som ikkje tør å spørje om å få vere med, kan ein berre setje seg ned på benken. Då er det mykje lettare å få nokon til å bli med på leiken, avsluttar ho.