Mobbedikt: «Eg har det så vondt, men du kan ikkje sjå det»

Aksel Dreyer Ur (10) frå Stord vann skrivekonkurransen til Framtida junior med dette diktet.

Mobbedikt

Dagen er svart.
Den smakar som natt.
Den luktar som tårer.

Men orda kjem.
Som torden og lyn er dei ikkje fine.
Eg har det så vondt, men du kan ikkje sjå det.

Det kjem ein vaksen: har du det bra?
Eg har ikkje det.
Men eg torer ikkje sei det.

Eg går på do, låser meg inne, sit og græt.
I all tid.

Eg sit der no og då, men du kan ikkje sjå meg.
Eg druknar i tårer.

På grunn av ein mobbar.

 

Glad vinnar

Namn: Aksel Dreyer Ur

Alder: 10 år

Skule: 4.trinn, Leirvik skule på Stord

Fritidsaktivitetar: To fotballtreningar i veka, piano, break dance og teater.

Kvifor skreiv du om mobbing? Eg hadde høyrt på Supernytt om kor vondt det kan vera å bli mobba.

Kjenner du nokon som blir mobba? Ingen som eg veit om.

Synest du det er kjekt å skriva? Ja, men det er ikkje så ofte eg skriv dikt. Eg skriv mest når eg gjer lekser.