Blir KrF med i regjeringa?
Dagens regjering består av Høgre, Framstegspartiet og Venstre. No er Kristeleg folkeparti (KrF) med i forhandling om å gå inn i regjeringa og lage ei fleirtalsregjering.
Med fleirtalsregjering meinar vi at regjeringa får fleirtalet av dei sitjande på Stortinget.
Lettare å gjennomføre politikken
Stortinget består av 169 representantar frå alle partia som har vorte stemt inn.
Regjeringa er også blant dei 169 som sit på Stortinget.
Om Erna Solberg får KrF i regjeringa, vil ho automatisk få ei fleirtalsregjering.
På den måten er det lettare å gjennomføre politikken som regjeringa legg fram.
Alt regjeringa legg fram skal godkjennast av Stortinget.