Venstre inn i regjeringa?

No diskuterar statsminister Erna Solberg og Siv Jensen om eit samarbeid med Trine Skei Grande.

Regjeringa vår består av Høgre og Framstegspartiet. Statsminister Erna Solberg er partileiar for Høgre og Siv Jensen er partileiar for Framstegspartiet.

No i desse dagar sit Erna Solberg og Siv Jensen i møte med partileiaren for venstre, Trine Skei Grande, og diskuterar om dei tre partia klarar å danne ei regjering saman.

Det er mykje dei må bli einige om dersom dei skal klare å samarbeide. Dei tre partia har mange ulike syn. Mellom anna på innvandring- og miljøspørsmåla.

Skal dei klare å danne regjering må dei gi og ta. Det vil seie at dei må gje seg på noko av politikken sin, for å la eit anna parti i den eventuelle nye regjeringa få fram sine synspunkt på saka.

Om Venstre kjem seg inn i regjeringa får vi svar på om nokre veker.