Sverige har fått ny regjering etter 4 månader

Det tok uvanleg lang tid. Faktisk fire månader før Sverige no endeleg har klart å lage ei ny regjering.

Dei klarte ikkje bli samde om kva parti som skulle samarbeide og danne regjering.

No er det bestemt at statsminister Stefan Löfven skal fortsetje. Han skal samarbeide med sitt eige parti Sosialdemokraterna og Miljøpartiet. Han vil også ha støtte frå Centerpartiet og Liberalerna.