I Noreg fødast det berre 1,6 barn per nordmann.
Erna Solberg sa at dersom vi skal oppretthalde folketalet må kvar familie få litt over to barn i gjennomsnitt.
– Samfunnet vårt går rundt fordi vaksne tek omsorg for barna. Og arbeidsføre sørgjer for dei eldre. Dei neste tiåra får vi problem med denne modellen. Vi nordmenn får stadig færre barn, sa Solberg.