- Gjer lekser til ei fast tid kvar dag.
- Ver streng med deg sjølv og lag avtalar med vener og fritidsaktivitar utanom den faste leksetida.
- Ikkje logg på pc, ha telefonen av og skru av TV i leksetida.
- Avslutt leksejobbinga nøyaktig etter at leksetida er ferdig.
- Avslutt – uansett om du blir ferdig eller ikkje. Hald fram til same tid neste dag.
- Viss du ikkje har så mykje lekser ein dag, bruk tida til lekser likevel. Du kan øve til prøve eller repetere oppgåver.
- Er det vanskeleg å konsentrere seg heime, sjekk om du kan sitte ein annan stad – på skulen, eller kanskje på biblioteket?
- Hugs å spise og få deg litt frisk luft før du startar.
- Skaff deg ein kalender der du skriv inn kva lekser du skal gjere dei ulike dagane. Eller skriv på vekeplanen.
- Kryss av på kalenderen eller vekeplanen når du har gjort det du skal.
- Start å førebu deg til ein prøve med ein gong du får vite at du skal ha prøve.
- For nokon er det fint å jobbe saman med andre. Pass berre på at du og venene dine blir einige om kva tid dykk skal ta pausar og snakke om andre ting.
LES OGSÅ: Det er bra med leksetimar
(Kjelde: Ung.no)