Ønsker å forby lekser i helgene for filippinske barn

Sam Verzosa, medlem av representantanes hus i Filippinane, meiner landet er i ei utdanningskrise.

– Dei unge filippinarane er overarbeidde, og likevel heng Filippinane etter andre land, sa Sam Verzosa i ein kommentar til lokale medium.

Han refererer til den internasjonale rangeringa, Programme for International Student Assessment. I 2018 rangerte dei Filippinane lågast av 79 land, når det kom til lesing. Filippinane kom også på nest siste plass i naturfag og matematikk. Det skriv den britiske avisa The Guardian.

No føreslår Verzosa at myndigheitene skal forby skular å sette opp lekser i helgene.

For låg læringsproduktivitet

I lovforslaget til Verzosa står det blant anna: «Problemet er at elevane har for mange skuletimar som har låg læringsproduktivitet. Når dei går heim, er dei framleis stabla opp med lekser, trass i at ekspertar seier at éin time med lekser er nok».

Vidare står det at han ønsker at lærarar i grunn- og vidaregåande skule ikkje skal gi lekser eller oppgåver i helgene. Lekser skal berre føregå i vekedagane, og det skal ikkje ta meir enn fire timar i veka å fullføre desse.

– Elevane trenger tid til å kvile og lade opp, seier Verzosa.

Han er redd for at lekser er med å forverre skiljet mellom rike og fattig studentar i Filippinane, både fordi enkelte har deltidsjobbar, medan andre ikkje har internett.

10 timar på skulen kvar dag

Skulesystemet i Filippinane har slite etter koronapandemien. Pandemien gjorde at fysisk skuleundervisning vart stoppa i to år. Som ein konsekvens av dette har elevane kome på etterskot.

Det er stor variasjon i antal skuletimar frå by til bygd i Filippinane. I snitt brukar dei i byen seks timar på skulen kvar dag, medan bygdene ligg på ti timar.

I den nasjonale hovudstadsregionen har nokon skular innført skift, som startar klokka 06:00. Dette blir gjort for å handtere overbefolkning og mangel på kapasitet i klasseromma.

Denne artikkelen blei først publisert på Framtida.no som er Framtida Junior si søsteravis.