For eller mot lekser?

Det er store diskusjonar i Noreg om det skal vera lekser eller ein time lengre på skulen for elevane. Men kva meiner rektor om lekser?

– Lekser er meint for at du skal læra betre, seier rektor Kristine Vikanes (50) ved Tjødnalio skule.

– Opphavet til lekser i Noreg er frå tida då ein hadde omgangsskule kor lærarane reiste rundt frå bygd til bygd, og elevane fekk då oppgåver å arbeida med i dei vekene det ikkje var skule i deira bygd.

– Kva synest du om lekser? 

– Det er viktig med gode lekser, smiler Kristine som likar godt å vera rektor.

– Vil du ha ein time lengre skuledag, eller lekser for elevane? 

– Det er litt vanskeleg å vite når me ikkje har prøvd begge deler, seier Kristine. Ho trur dei fleste elevane tenkjer det er slitsamt med lekser, men kjem sjølvsagt an på kva oppgåver det er. Ho trur og elevane er mest imot lekser, men kanskje ikkje viss dei må gå ein time meir på skulen. 

– Fordelen med lekser er at du lærer meir, seier Kristine.

Partia Raudt og SV har fremja forslag om leksefri skule. Forskinga som er gjort, viser at lekser aukar forskjellane mellom dei ressurssterke og ressurssvake elevene, og forskjellane mellom gutar og jenter. Forskninga viser og at lekser har ein beskjeden positiv effekt for ein del av elevane, medan nokon elevar ikkje har utbyte av leksene. For ei mindre gruppe har leksene negativ effekt på læringsutbytet.