– Eg trur at me hadde vore like flinke som me er no, om me ikkje hadde hatt lekser, seier Johanne (11). Så tenkjer ho seg om og leggjer til:
– Eller kanskje litt dårlegare.
Malin (10), Simon (10), Christoffer (11) og Johanne (11), er elevar i 5. og 6. klasse ved Gaupne skule i Luster kommune. Då dei fann ut at politikarane i heimkommunen deira vil testa ut leksefri skule, tenkte dei først at det var bra. No har dei kome fram til at det kan vera både bra og dårleg.
Både bra og dårleg
– Slik eg tenker, er det bra å ikkje ha lekser. At me ikkje har lekser betyr at me kan bruka meir tid med vener og familie, seier Malin.
Dei andre nikkar enig. Å vera på overnattingsbesøk, meir tid ute og nye hobbyar er andre aktivitetar dei kunne brukt meir tid på, dersom dei kan kutta vekk leksene.

– Det er både pluss og minus, men me lærer meir når me har lekser. Heime kan me læra på andre måtar enn me gjer på skulen. Og så har me alltid noko å gjera på, seier Simon.
– Slik me har det no, så har me ein time mindre på skulen fordi me har lekser heima. Så eg veit ikkje heilt om det eigentleg ville blitt ein skilnad på tid, seier Christoffer.
– Krevst mykje øving for å bli god
– Eg er redd for at dei ikkje får øvd nok. I fag med rekning og skriving krevst det mykje øving for å bli god, seier rektor på Gaupne skule, Linda Øvregard Røhme.
Ho er ikkje positivt innstilt til at elevane skal sleppa leksene. Ho trur det vil føra til mindre kontakt mellom foreldre og skule.
– Når elevane har lekser heima, blir foreldrene meir involvert og interessert i kva borna lærer. Me lærarane treffer jo berre foreldra til samtalar to gonger i året.