– Det er bra vi har leksetimar på skulen

Abdul (12), Lena (11) og Selene (12) fortel om sine leksevanar. Får dei nok hjelp? Og kven kan hjelpe med lekser?

Abdul Rhaman Alhmdan (12)

FOTO: Janne Nerheim

Får du nok hjelp med leksene?

Eg får god hjelp heime. Og av og til på skulen.

Kven hjelper deg?

Heime er det det mamma eller pappa, og av og til storesystra mi. To gongar i veka har vi ein skuletime der vi får hjelp til leksene. To lærarar går rundt for å hjelpe oss.

Kjenner du at du vil trenge meir hjelp i året som kjem?

Det er nok hjelp for meg akkurat no.

Lena Grindheim Grønfur (11)

FOTO: Janne Nerheim

Får du nok hjelp med leksene?

Det går bra med meg og leksene. Men av og til er det vanskeleg. Då får eg god hjelp på skulen.

Kven hjelper deg?

– Vi har to dagar med leksehjelp på skulen. Det er veldig bra at vi har den hjelpa. Eg får også god hjelp heime, mest frå mamma – men av og til pappa også.

Kjenner du at du vil trenge meir hjelp i året som kjem?

– Av og til tenkjer eg at eg treng meir hjelp. Spesielt matte og engelsk er vanskeleg – så eg må passe på å gjer dei leksene ferdig på skulen.

 

Selene Grønstad Molland (12)

FOTO: Janne Nerheim

Får du nok hjelp med leksene?

Eg får nok hjelp med leksene.

Kven hjelper deg?

– Mamma og pappa hjelper meg heime, og læraren min hjelper meg i leksetimane vi har på skulen. Vener hjelper også viss vi gjer lekser i lag. Vi gjer lekser saman ganske ofte. På skulen har vi to leksetimar i veka, så vi prøver å gjere leksene ferdig i dei timane.

Kjenner du at du vil trenge meir hjelp i året som kjem?

– Eg blir alltid ferdig med leksene, og kjenner at eg får den hjelpa eg treng på skulen og heime. Lesing gjer eg alltid heime, for då les vi gjerne for foreldra våre. Av og til er det ein lærar vi kan lese for også.